• SNR Hjelset

    Sjukehuset Nordmøre og Romsdal – psykiatri og habilitering

    SNR Hjelset, rørleggerarbeid - fjordpipe.no

Stor leveranse til nytt sjukehus i Molde

Sjukehuset Nordmøre og Romsdal – SNR Hjelset

SNR Hjelset er eit imponerande bygg på 7.700 m², og ligg på tomta til den gamle psykiatridelen av Molde sjukehus. Dette splitter nye, toppmoderne bygget skal fungere som akuttsjukehus for rundt 120.000 innbyggarar  i regionen. Her skal det tilbydast eit breidt spekter av kritiske helsetenester, inkludert akuttmedisin, døgnbehandling, psykiatri og habilitering – alt under eitt tak. Psykiatri- og habiliteringsdelen er allereie i drift, og resten av sjukehuset vil stå ferdig i mai 2025.

Bygget har blitt til gjennom eit tett samarbeid mellom fleire aktørar. Åsen og Øvrelid frå Førde har leia totalentreprisen, og har fått bygd den første delen ferdig.

Resten av prosjektet består av 26 ulike entreprisar, som gir mindre, lokale selskap ein unik sjanse til å bidra. Dette bidreg til auka mangfold og styrkar lokalt næringsliv.

Med ei kontrakt på 400 millionar kroner for hovudentreprisen, er dette eit prosjekt av stor betydning for alle involverte. Fjordpipe er stolt underleverandør til Åsen og Øvrelid, og har levert alt av rørleggartenester til prosjektet.

INNOVATIVE LØYSINGAR
SNR Hjelset er eit bygg som set standarden for moderne helsebygg, og her er funksjonalitet og tekniske løysingar nøye gjennomtenkt, for å sikre effektivitet og tryggleik. Eitt av dei mest innovative systema er rørposten – ei løysing  som gjer det mogleg å sende viktige prøvar raskt og sikkert mellom avdelingane. Det er ikkje berre smarte løysingar for medisinsk logistikk, men og for den daglege drifta. Avfallssystemet er integrert i eit spesielt rørsystem som fraktar avfall direkte frå kvar avdeling til ein konteinartank – ei praktisk og hygienisk løysing som reduserer behovet for manuell handtering og sørger for eit reint og ryddig miljø.

SPESIELLE BEHOV FOR TRYGGLEIK
Kvaliteten på materiala er valt  med tanke på å tåle eit hardt daglege trykk og hardhendt behandling frå pasientane si side. Spesielt i psykiatriavdelinga er sikkerheita for både pasientar og tilsette sett i høgsetet. Alt frå design av bygget til teknologiske løysningar er nøye utforma for å møte dei spesifikke behova i ein psykiatrisk behandlingssetting.

Dette har vore ein stor og viktig leveranse for oss, der vi har hatt mange av våre dyktige tilsette i arbeid – frå starten og heile vegen fram til ferdigstilt bygg.

Alle foto Byggeindustrien